Aktivisering av eldre

Søknadssammendrag

På grunn av den pågåande koronapandemien er det lite aktivitet i Jølster pensjonistlag og i andre aktuelle møteplassar for eldre. Vi fryktar derfor at det er mange som vert sosialt isolerte, både mellom medlemener og ikkje-medlemer.

Målsettinga er å kunne lokalisere dei som slit mest med einsemd/sosial isolasjon på grunn av pandemien, og prøve å avhjelpe situasjonen med tiltak som heimebesøk, bilturar, kafebesøk, deltaking i kulturarrangement etc.

Målgruppa er einslege heimebuande eldre, heimebuande ektepar/sambuande som ikkje har familie i nærleiken, og einslege i omsorgsbustader.

Deltakarane i prosjektet vil i første rekke vere styremedlemane i pensjonistlaget. Når antal personar i målgruppa er avklara, vil (eventuell) innhenting av fleire deltakarar finne stad. Dette kan vere medlemer i pensjonistlaget eller andre aktuelle personar.

Første del av prosjektet, ved sida av planlegging, er ei kartlegging av den aktuelle målgruppa. Når målgruppa er kjent, vil tiltaka vere heimebesøk, bilturar, kafebesøk, transport/følge i samband med deltaking på kulturarrangement etc. Ved heimebesøka er det tenkt aktivitetar som sosialt samvær, hjelp/opplæring i bruk av telefon/nettbrett/PC, tilrettelegging for ekstern hjelp i samband med eventuelle problem med data/telefoni, og hjelp ved eventuelle mindre arbeidsoppgåver.

Planlegging og kartlegging av målgruppe og prosjektdeltakarar vil starte etter nyttår og vil i hovedsak vere ferdig før mars.
Etablering av system for økonomistyring vil starte i januar og må vere ferdig i løpet av februar.
Hovedaktiviteten i prosjektet, heimebesøk og aktivisering av eldre i målgruppa, vil føregå i perioden frå mars til desember. Ferdigstilling/sluttrapportering vert i desember.
Vi håpar å vere ei hjelp for eldre som slit med einsemd/sosial isolasjon. Kartlegging av målgruppa, eit konkret tilbod som dei kan takke ja eller nei til, vil gje ein positiv effekt. Vidare trur vi at hovedaktivitetane vil kunne vere ei god hjelp i ei vanskelg tid.

Prosjektleder

Ola Nils Håheim

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Aktivisering av eldre
Organisasjon
Pensjonistforbundet
Beløp Bevilget
Kr 100.000
Startdato
18.12.2020