Stranda Pensjonistlag

Søknadssammendrag

Bakgrunn: Koronaepidemien har ført til at eldre sit heime og har lite kontakt med andre. Driv lite mosjon og mister si psykiske og fysiske helse. Magne aktivitetar er avlyst p.g.a. Koronapandemien.

Målsetting: Kafé for eldre kvar måndag på Kulturhuset. Større aktivitet på Kulturhuset, fleire i frivillig arbeid på kafeen – sammarbeid og trivsel. Sterk og stødig i sammarbeid med Røde Kors. Sammarbeid med Biblioteket og Frivillighetssentralen skal føre til at de eldre får opplysing om velferdsteknologi og fysiske hjelpemidlar også korleis ein kan motvirke demens. Vi arbeider for at kommunen skal tilsette ergoterapeut.

Formålet er å verne om eldre sine levevilkår og interesser. Særleg skal vi skape aktivitetar med kulturelle og sosiale opplevingar.

Målgruppe er eldre 50+ i Stranda.

Metode: Nyoppretta kafédrift i Storfjord Kulturhus. Medlemmer av pensjonistlaget står for matlaging og servering til ein billig penge.

Faste aktivitetar i første omgang er spill og avislesing. God informasjon om koronasituasjonen og koronaregler og andre aktivitetar på Kulturhuset.

Variable aktivitetar er informasjon frå biblioteket om nye gode bøker som kan lånast med ein gong. Vi får innblikk i bøker på nett – pc og nettbrett. Vi skal også sjå korleis ein kan få visuell kontakt med pasientar på omsorgsbustaden.

Styret har diskutert opplysing om hjelpemiddel for eldre, sterk og stødig med Røde Kors, Nytt frå kommunen – eldrerådet – Leve heile livet – velferdsteknologi.

Tidsplan: Oppstart 28/10/2020 Bøker med kort resymé frå biblioteket. 11/01/2021 Innføring av visuell digital kontakt med pasientar på omsorgsbustaden av Frivillighetssentralen. 12/04/2021 Ergoterapeuten informerer om velferdsteknologi. Sterk og stødig med Røde Kors. 06/09/2021 Info frå kommunen, eldrerådet, info om demens. 13/12/2021 Evaluering.

Resultat:
Større aktivitet i Kulturhuset.
Foreløpig 50 kafégjester kvar måndag p.g.a. koronarestriksjonar.
På medlemsmøte i Pensjonistlaget møtte vanlegvis 140 før pandemien. No kan berre 50 møte. Målet er 140.
Frivillige aukar med 20 personar.
Trivsel aukar med større aktivitet.

Prosjektleder

Jens Petter Jelle

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Stranda Pensjonistlag
Organisasjon
Pensjonistforbundet
Beløp Bevilget
Kr 110.000
Startdato
09.11.2020