Prosjektinformasjon

Ordningsnavn
Rehabilitering (2015)
Prosjektnavn
INN PÅ TUNET (for tidleg demente)
Prosjekttema
Inn på tunet i Vindafjord (for tidleg demente eller personar med kognitiv svikt)
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Org.ledd
Ressursgruppe,
Ekstern instans
Samarbeid mellom kommune og eksterne tilbydere
Prosjektleder/forsker

Øistein Gunnarshaug

Fylke(r)
Rogaland
Bevilget
2016: kr 330 000, 2017: kr 350 000
Startdato
01.01.2016
Sluttdato
31.12.2017
Status
Under gjennomføring

Søknadssammendrag

  • Det er behov for å ha anna tilbud til fysisk spreke demente og personar med kognitiv svikt i ulike aldersgrupper både under og over 66 år. Ved begynnande demens blir ofte den demente og evt ektefelle issolert og det blir større belastning på pårørande rundt. Konseptet Inn på tunet vil vera eit aktivitetstilbod slik at den demente kjem seg ut og opplever ein meiningsfull kvardag og opplever å få delta meir i det pulserande livet.

  • Brukarane vert gitt muleghet til å delta i sosialt miljø i landlege omgjevnader og med nærleik til daglege gjeremål på garden, som blant anna dyrestell, matlaging og ut på tur i landlige omgivnader. Aktivitetane fylgjer årstiden. Dette trur me vil gje mestringsfølelse og redusere issolasjon.

  • Personar med begynnande demens eller som er under utredning for kognitiv svikt og som har behov for tilrettelagte aktivitetar.

  • Ein vil inngå samarbeid med to tilbydarar, sjå vedlegg. Vindafjord er ein langstrakt kommune, det er grunnen til at ein vel to ulike tilbydarar på kvar sin kant av kommunen, som vil ha kvar si gruppe på 6 personar 1 dag i veka. Det skal og vere med ein ansatt frå kommune kvar dag.
    Det vil bli sett ned ei ressursgruppe.Dei skal evaluere, markedsføre og forankre tilbodet i løpet av den 3 årige prosjektfasen.
    Rettleiing vil bli gitt av demenssjukepleiar og hukommelsesteam, saman med leiar for dagsenteret. Ein ynskjer å tilby pårørande å vera med i oppstartfasen for å trygge dei i at brukar har det bra. Det vil og bli tilbudt pårørandeskule i lage med kommune og frivillege organisasjonar.
    Aktiviteten vil både ute og inne fylgja årstiden med oppgåver knytt til dyr og planter m.m. Ein ynskjer eit miljø med meiningsfulle aktivitetar som ikkje er prega av sjukdom og skrøpeleghet.
    Kvalitetsikring: Håndbok for etablering av drift og dagaktivitetstilbod for personar med demens vil bli brukt som kvalitetsindikator (Helsedirektoratet og Aldring og Helse)

  • Planlegging vår og haust 2015
    Forsiktig oppstart haust 2015
    Full drift frå januar 2016
    Årleg evaluering november/desember 2016/2017
    2016-2017: Jobbing med forankring og vidareføring av prosjektet.

  • Målet er at brukar skal kunne bu lengre i eigen heim, halde seg lengre "friske" og vere avlasting for pårørande slik at dei kan oppleve trygghet og stå lengre i omsorgsoppgåva.Det fins pr i dag ikkje tilbod om Inn på tunet for demente i Rogaland. Kommunen er villeg til å dele kompetanse og erfaringar vidare

Sluttrapport

  • Brukerane skal gjennom deltaking i arbeidsoppgåver og kvardagslivet på garden og her få positive opplevingar som bidreg til ei kjensle av meistring og positiv eigenutvikling.

  • 15
  • Besøk på 2 ulike gardar 2 gonger i veka. Skyss frå kommunen at og fram. Fast ansatt gjennom kommunen og på kvar enkelt gard. Brukerane har fått oppgåver og gjennomført ulike aktivitetar som er tilpassa deira føresetningar. Oppgåvene er nært knytt til daglege oppgåver i gardsdrifta. Det har og vore servert frokost og middag som og Brukerane sjølv har deltatt i å lage i stand.

  • Tilbakemelding frå brukerar og pårørande er jamnt over gode. For fleire pårørande har dette vore ei god avlasting i kvardagen. Dette gir eit meiningsfullt innhold i dagen til brukerane. Ein har nytta alle plasser på dei to gardane to gonger i veka gjennom 2017.
    Måltidene har vore positive sosialt og ernæringsmessig.

  • Det vil bli søkt videre midler for å fortsette tiltaket då me ønskjer og ser behovet for dette tilbodet i kommunen. Per 2018 har me no midler til å drifte ein Gard ein gong i veka. Det må og sjåast på transportmoglegheiter til og frå tiltaket då det er store kjøreavstander i kommunen.
    Det er mulighet for å ha tiltaket to gonger i veka som i 2017.